Betingelsar og vilkår
KVALITET:
Vi lovar høg kvalitet på trykksakene du bestiller og brukar kun kvalitetspapir i ulik tjukkelse tilpassa ditt produkt. Er du ikkje fornøgd med kvaliteten, ber vi deg ta kontakt snarast.
PRISAR:
Alle prisar er i norske kroner og vises inkl. meirverdiavgift. Totalkostnaden for kjøpet i tillegg til evt. fraktkostnad finn du i handlekorga før du godkjenner kjøpet.
BESTILLING:
Før du legger produktet i handlekorga må du krysse av for «Eg har lest korrektur». Dvs. at du som kunde godkjenner at produktet er klart for trykking og at du har kontrollert at tekst og bilde er akkurat slik du skal ha det. Ein ordre er gyldig når e-post med ordrebekrefting er motteken av kjøpar.
BETALING:
Vanleg betalingsløysing er faktura via epost. Dersom du ønskjer faktura i papirform kan du skrive det inn i «kommentar til ordre» og du vil få tilsendt fakturaen saman med varene mot eit ekstra gebyr.
LEVERING:
Leveringstid er angjeve på kvar produkt. Varene vert sendt med Bring. Ein kan óg hente varene hjå Printfarm AS i Øvre Årdal.
ANGRERETT, REKLAMASJON OG MANGLAR:
Angrerettlova gjeld ikkje for varer som er bestilt med kundetilpasning. Angrerettlova gjeld kun ved forbrukarkjøp. Når du skal returnere varer skal det pakkast forsvarleg slik at det ikkje blir påført skader under returen. Hugs at du som kunde har ansvar for vara heilt til fram til den er på plass hjå oss. Vara skal returneres i same stand og mengd som du mottok den.
Vi tek alle klagar alvorleg og vil gjer vårt ytterste for å rette opp i saka dersom feilen skuldast Printfarm AS.
Ved manglar i ordren skal Printfarm AS ordne opp og iverksetje tiltak så snart Printfarm AS får kjennskap til dette. Dersom du sjølv prøver å rette opp i mangeleg utan avtale med Printfarm AS, må du sjølv dekke evt. utgifter.
UAVHENTA PAKKER:
Dersom du ikkje hentar pakken din vil du likevel få tilsendt faktura for varene - dette gjeld kundetilpassa produkt. Dersom det er varer som kan selges vidare (uten kundetilpasning) vil du bli fakturert for frakt begge vegar og eit gebyr for brot på avtalen.
OPPHAVSRETT:
Alt innhald på Printfarm AS sine nettsider tilhøyrer Printfarm AS. Det betyr at alt i frå firmanavn, varemerker, produktnavn- og info, omtalar, bilder, design og anna innhald ikkje kan kopieres, lastes ned eller bli brukt utan at det er godkjend skriftleg av signaturfullmektig i Printfarm AS.
ANNA INFO:
Farge kan avvike noko mellom bilde på skjermen og vara. Dette er er heilt vanleg då fargen vil vere ulik frå skjerm til skjerm (både data og telefon).
Vi tek atterhald om skrivefeil og evt. prisendringar.
FØRETAKSINFO:
Printfarm AS
Nedre Storøyni 2
6884 Øvre Årdal
Org.nr. 974 900 580
