Printfarm UNO

Full kontroll.
Alt på éin stad.

UNO samlar trykksaker, profilartiklar og marknadsmateriell i ein eigen portal for verksemda di. Produkta er ferdig oppsette, klare til bestilling og tilgjengelege for dei som treng dei.

Sjå pakkar og prisar

Marknadsmateriellet til verksemda – samla og organisert.

I mange verksemder ligg filer, gamle bestillingar og produktinformasjon spreidd i e-postar, mapper og på ulike datamaskiner. Ofte er det éin person som veit kva som skal bestillast, kva fil som er riktig og kva produkt som vart brukt sist.

UNO samlar dette i eitt system. De får ein eigen bedriftsportal med godkjende produkt, riktige originalar, spesifikasjonar og avtalte prisar.

Resultatet er mindre administrasjon, enklare bestilling og betre kontroll – uavhengig av kven som sit med ansvaret.

Enklare å bestille. Enklare å halde kontroll.

UNO er laga for verksemder som vil bruke mindre tid på administrasjon av marknadsmateriell og samtidig sikre at alle bestiller riktig.

01

Alt samla på éin stad

Trykksaker, profilartiklar og anna fast marknadsmateriell ligg samla i verksemda sin eigen portal.

02

Fleire brukarar

Fleire medarbeidarar kan få tilgang til det same, godkjende produktsortimentet og bestille når behovet oppstår.

03

Riktig kvar gong

Produkt, originalar, format og spesifikasjonar er ferdig definerte. De slepp å finne fram gamle filer for kvar bestilling.

04

Kunnskapen blir i verksemda

Når ein medarbeidar sluttar eller ein ny tek over ansvaret, ligg produkta og bestillingsgrunnlaget allereie klart i UNO.

05

Kontroll på merkevara

Alle bestiller frå godkjende produkt og design. Med redigerbare produkt kan utvalde felt endrast utan at den visuelle profilen blir endra.

06

Mindre administrasjon

Færre e-postar, færre spørsmål og mindre leiting etter informasjon. Finn produktet, vel antal og bestill.

UNO gjer verksemda mindre avhengig av enkeltpersonar.

Når ansvar for marknadsføring eller innkjøp blir flytta til ein ny medarbeidar, treng ikkje kunnskapen starte på nytt. Produkta, spesifikasjonane og originalane ligg allereie strukturerte og klare til bruk.

Vel UNO som passar verksemda di

Ingen etableringskostnad. Vel årsavtale til redusert pris, eller fleksibel månadsavtale utan binding.

UNO

For verksemder som vil samle faste produkt og marknadsmateriell på éin stad.

390 kr / mnd.
med årsavtale
490 kr/mnd. utan binding
  • Eigen bedriftsportal
  • Uavgrensa statiske produkt
  • Faste produkt og avtaleprisar
  • Fleire brukarar
  • Redigerbare produkt kan leggast til
  • Ingen etableringskostnad
Redigerbare produkt 500 kr per produkt som eingongskostnad.
Eg er interessert

UNO Logistikk

For verksemder som også vil ha lager og lagerstyring hos Printfarm.

1 690 kr / mnd.
med årsavtale
1 990 kr/mnd. utan binding
  • Alt i UNO Plus
  • 5 redigerbare produkt inkludert
  • Lager hos Printfarm
  • Lagerstyring
  • Oversikt over lagerbehaldning i portalen
  • Ingen etableringskostnad
Ekstra redigerbare produkt 500 kr per produkt som eingongskostnad.
Eg er interessert
Alle prisar er eks. mva. Frakt kjem i tillegg.

Tilpass det som skal endrast. Lås resten.

Eit redigerbart produkt kan til dømes vere eit visittkort der brukaren fyller inn namn og kontaktinformasjon, ein plakat der dato og arrangement blir endra, eller eit skilt med varierande tekst.

Design, logo, fontar og andre faste element er låste. Det gjer at fleire i verksemda kan lage og bestille materiell sjølve – utan at de mistar kontroll på den visuelle profilen.

Redigerbare produkt kan leggast til på alle UNO-nivå. UNO Plus og UNO Logistikk inkluderer fem redigerbare produkt. Fleire kan leggast til for 500 kr eks. mva. per produkt som eingongskostnad.

Klar for å samle alt på éin stad?

Me set opp UNO for verksemda di utan etableringskostnad. Ta kontakt, så viser me korleis løysinga kan fungere i praksis.

Snakk med oss om UNO