Printfarm.no
 er det leiande trykkeriet i Sogn og Fjordane. Ved vår nye fabrikk i Øvre Årdal (mai 2019) produserer og sender vi trykksaker over heile landet dagleg. Vi har produsert trykksaker i over 20 år, og dei siste åra har vi tilpassa oss ei ny tid med effektiv digitalproduksjon. Vi er eit av veldig få nettbaserte trykkeri som produserer i Noreg.


Miljø
Vi har stort fokus på miljø, og allereie i 2013 vart vi sertifisert Miljøfyrtårn-verksemd. Alt papir vi nyttar er FSC-sertifisert. Du kan lese meir om det her. Klima- og miljørapport er tilgjengeleg ved førespurnad.

B2B-løysning
Vi har eigen løysning for verksemder som ønskjer full kontroll over trykksakene sine. Brukarane kan endre visittkort og sende bestilling i henhold til grafisk profil. Ta kontakt for informasjon.

Produkt
Vi produserer alt frå visittkort til store banner, og nye produkt vert stadig lagt til i nettbutikken.

Kvalitet og service
Vi har stort fokus på kvalitet. Er du ikkje nøgd med kvaliteten du har fått, gjer vi alt vi kan for å ordne opp.
Vi ønskjer alltid å levere 100%.